Biltunet Voss

Biltunet Voss Biltunet Voss AS er forhandlar for Ford, Mazda, Seres og Nissan. Avtale vart inngått, og dei fire partnarane etablerte Biltunet Voss AS 1/1 – 2003.

Historien om Biltunet starta i 2001, då 3 karar som representerte 4 bil bedrifter på Voss, kom saman for å diskutera framtida. Det vart straks semje om at framtida var mykje lysare for alle dersom me kunne samarbeida om eit prosjekt og eit selskap . I tur og orden flytta alle inn i nybygget, og 25. mai vart det nye ”bilhuset” offisielt opna, og teke i bruk. Frå den dag har Biltunet Voss AS vore ei

n suksess både for kundar, ansatte og eigarar. Biltunet Voss har i tillegg til salgsavdeling for dei fire nemde merka, også utsal for Polaris ATV og Snøscooter, samt dele- og rekvisitaforretningen Autoshop. På verkstadsida representerar me Volvo i tillegg til våre ”eigne” merker, det er også verkstad for Polaris som Biltunet representerer i distriktet som forhandlar. Biltunet Voss er også medeigar av Bilpleiesenteret Voss og Bilskadesenteret Voss.

Nokon av leveringane denne veka hjå oss på Biltunet Voss  🚗Me har levert ein heilt ny, Ford Explorer til Multiconsult. E...
20/02/2026

Nokon av leveringane denne veka hjå oss på Biltunet Voss 🚗

Me har levert ein heilt ny, Ford Explorer til Multiconsult. Ein solid og moderne bil som skal få mange mil på vegen framover. Takk for tilliten.

Olav Hakestad har henta sin mørkeblå Ford Focus. Ein tøff, sprek og kjøreglad bil som me håpar vil gi mange gode turar.

Og kanskje aller kjekkast denne veka Kåre fikk levere bil til Camilla Grevle Nesheim som har kjøpt sin aller første bil 💙 Ein flott blå Volkswagen Polo. Det er alltid ekstra stas å få vere med når nokon kjøper sin første bil. Gratulerer så mykje, Camilla.

Og på snøfronten...
Rebekka fekk i dag selje sin aller første Polaris snøscooter. Den vart solgt til Styrk Himle Istad. Det er noko eige med første sal...ekstra kjekt når både seljar og kunde smiler.

Takk for at de vel oss. Me set stor pris på både nye og trufaste kundar.

14/02/2026
Tre flotte utleveringar dei siste dagane hjå oss på Biltunet Voss 🚗Finn Rasmussen har henta sin Ford Puma. Dette er fakt...
06/02/2026

Tre flotte utleveringar dei siste dagane hjå oss på Biltunet Voss 🚗

Finn Rasmussen har henta sin Ford Puma. Dette er faktisk Ford nummer 18 Finn kjøper av oss. Han har vore lojal Ford-kunde heilt sidan tida då Kjell Rogde selde bilar på Johs. Seim, og held fram som kunde hjå Kåre på Biltunet Voss . Tusen takk for tilliten gjennom mange år, Finn.

Marit Hovden har fått utlevert sin nye Nissan Micra EV. Ein sprek og moderne elbil med opptil 415 km rekkevidde. Marit vart også den første kunden til Stina på den nye elektriske Micra-modellen. Gratulerer så mykje med ny elbil, Marit, og takk for at du valde oss.

Norvald Tykhelle fekk endelig henta sin nye Ford Capri. Han er ein av Magne sine trufaste kundar frå tida på Voss Bilsenter, og har no teke steget frå Honda til Ford. Kjempestas at du blir med vidare, Norvald.

Me set stor pris på både nye og trufaste kundar. Velkommen innom oss om du òg vurderer ny eller brukt bil.

No kan du sikre deg Mazda 6e med 0 % flytande rente. For dei som ikkje ønskjer rentekampanjen, har me også alternativ me...
03/02/2026

No kan du sikre deg Mazda 6e med 0 % flytande rente.

For dei som ikkje ønskjer rentekampanjen, har me også alternativ med rabatt.

Les gjerne vintertesten: https://elbil.no/mazda-6e-er-overraskende-bra-i-var-vintertest

Me har fleire Mazda 6e på lager i ulike fargar og utgåver, klare for rask levering. Du er hjarteleg velkomen innom for ein prat, ein titt eller ein prøvetur 😊

Endå ein F-150 på vegen. Ein tøff bil, med synleg profil 💪🚙Denne veka har me levert ein skikkeleg rå Ford F-150Bilen er ...
30/01/2026

Endå ein F-150 på vegen. Ein tøff bil, med synleg profil 💪🚙

Denne veka har me levert ein skikkeleg rå Ford F-150
Bilen er no ferdig profilert med logo og reklame for Pettersen Entreprenør As

Ein bil som både vekkjer merksemd og fungerer som eit rullande visittkort i kvardagen

Kjekt å levera bilar som både ser bra ut og vert brukt slik dei er meinte å brukast

Takk for tilliten Bjarte , og lukke til med ny bil

🥇🥈 Nissan LEAF får internasjonal anerkjenning i WWCOTY 2026Me er stolte av å dela at Nissan LEAF er blant dei store vinn...
28/01/2026

🥇🥈 Nissan LEAF får internasjonal anerkjenning i WWCOTY 2026

Me er stolte av å dela at Nissan LEAF er blant dei store vinnarane i Women’s Worldwide Car of the Year 2026. Prisen blir delt ut av ei internasjonal jury beståande av kvinnelege biljournalistar frå heile verda, og vurderer bilane ut frå det som betyr mest i kvardagen for folk flest.

Nissan LEAF blir løfta fram for heilskapen i bilen. Den kombinerer tryggleik, komfort og brukarglede med ei elbilteknologi som er moden og gjennomprøvd. LEAF er lett å leva med i kvardagen, oversiktleg å køyra og praktisk både for pendling, familieliv og lengre turar.

LEAF har vore ein pioner innan elbil i mange år, og det er nettopp denne erfaringa som skin gjennom. God plass, intuitivt infotainmentsystem, forutsigbar rekkevidd og låge eigarkostnader gjer at bilen framleis står sterkt i eit stadig tøffare elbilmarknad.

At LEAF får denne anerkjenninga i 2026, viser at konseptet framleis treffer breitt og at det er ein bil mange faktisk ønskjer å bruka kvar dag.

🥉 Ford har og fått anerkjenning

Samtidig vil me gratulera Ford med heider frå same prisutdeling. Ford har fått ei eiga utmerking for arbeidet sitt med likestilling, mangfald og inkludering i bilbransjen.

Det er ei anerkjenning me set stor pris på, og som viser at utvikling ikkje berre handlar om teknologi og produkt, men også om kultur, haldningar og menneska bak.

Me er stolte av å representera begge merka og av å tilby bilar som får ros både for kvalitet, køyreoppleving og verdiar.

https://wwcoty.net/

24/01/2026
Denne veka har vore ein sånn veke der bilar forsvinn frå golvet og dukkar opp på vegen i stadenMe har levert bilar både ...
23/01/2026

Denne veka har vore ein sånn veke der bilar forsvinn frå golvet og dukkar opp på vegen i staden
Me har levert bilar både inne og utanfor kontoret

For det viktigaste er eigentleg ikkje kvar bilen vert levert, men at han vert levert
Og at kunden er nøgd 😄

Noko av det me har selt denne veka 🚗Det er ein fin start på året med god aktivitet hos oss. Det har gått mykje bruktbil,...
16/01/2026

Noko av det me har selt denne veka 🚗

Det er ein fin start på året med god aktivitet hos oss. Det har gått mykje bruktbil, men det går framleis også nye bilar ut døra
Alt frå trygge kvardagsbilar til moderne elbilar har fått nye eigarar.

Me opplever stor interesse, og nett no har me:
✔ godt utval av bruktbilar
✔ nye bilar klare for rask levering
✔ gode kampanjar og attraktive prisar på fleire modellar

Er du på utkikk etter ny eller brukt bil?
Ta kontakt eller stikk innom, me hjelper deg gjerne med å finna bilen som passar deg og ditt bruk

Adresse

Storrviki 2
Vossavangen
5710

Åpningstider

Mandag 07:30 - 16:00
Tirsdag 07:30 - 16:00
Onsdag 07:30 - 16:00
Torsdag 07:30 - 16:00
Fredag 07:30 - 16:00

Telefon

+4756520700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Biltunet Voss legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Biltunet Voss:

Del

Historien:

Historien om Biltunet starta i 2001, då 3 karar som representerte 4 bil bedrifter på Voss, kom saman for å diskutera framtida. Det vart straks semje om at framtida var mykje lysare for alle dersom me kunne samarbeida om eit prosjekt og eit selskap . Avtale vart inngått, og dei fire partnarane etablerte Biltunet Voss AS 1/1 – 2003. I tur og orden flytta alle inn i nybygget, og 25. mai vart det nye ”bilhuset” offisielt opna, og teke i bruk. Frå den dag har Biltunet Voss AS vore ein suksess både for kundar, ansatte og eigarar. Biltunet Voss har i tillegg til salgsavdeling for dei fire nemde merka, også utsal for Polaris ATV og Snøscooter, samt dele- og rekvisitaforretningen Autoshop. På verkstadsida representerar me Volvo i tillegg til våre ”eigne” merker, det er også verkstad for Polaris som Biltunet representerer i distriktet som forhandlar. Biltunet Voss er også medeigar av Bilpleiesenteret Voss og Bilskadesenteret Voss.