07/10/2026
Heiane Bil og Fylkesnes Bil har i fleire år vore del av den same bilgruppa, og frå 1. januar 2027 vert verksemdene slått saman. Sju nybilmerke og eit breitt tenestetilbod vert frå tidleg i desember samla på éin stad, under namnet Fylkesnes Bil.
Me har sendt ut informasjon på e-post til svært mange av kundane våre, men har nok ikkje e-postadresser registrert på alle. Me vil trygga deg som er kunde hos oss at du også i framtida vil møta dei same kjende andleta og at me skal levera den same kvaliteten, med det same engasjementet du er van med. Me tek med oss alle tilsette og den merkespesifikke kompetansen me har bygd opp gjennom åra. Skilnaden blir at me flyttar inn i moderne, nyoppussa lokale. Det gler me oss til!
Sjå første kommentar for å lesa heile pressemeldinga.