05/12/2025
Det nærmar seg jul, og då passar det godt å vise fram nokre av spesialprosjekta vi har jobba med i det siste!
Ny vegtilkomst på Klubbeneset
Her har vi sprengt oss ned i fjellet, med omtrent alt mulig i nærheten. Ein jobb som verkeleg krev sitt av kunnskaper og løsninger. Men det gjekk dette og💪
Tilkomst til nausttomt i Keilevågen
Ikkje akkurat eit prosjekt som låg klart på teiknebordet 😉 Terrenget gav oss god motstand, men med lokalt handverk, murstein frå nærområdet og god problemløsning fann vi løysinga steg for steg. Resultatet synest vi blei «steikje bra»🤩
Ingenting av dette hadde vore mogleg utan våre dyktige, løysingsorienterte medarbeidarar 🤩 Vi er stolte av folka våre. Dei får det umoglege til å sjå enkelt ut!
God førjulstid til alle! 🧑🎄🎅🏻🎄