Sunnfjord Bil As

Sunnfjord Bil As Vi er eit firma som sel brukte bildelar. I tillegg driv vi ein autorisert bilverkstad med mekaniske Bilvraka låg på toppen av eit sandtak eit godt stykke unna.

Sunnfjord Bil vart etablert hausten 1976 i ei løe rett utanfor sentrum av Førde. I 1978 vart det innførd vrakpant på utrangerte bilvrak og Sunnfjord Bil fekk konsesjon på utskriving av vrakpant. Plassen og forholda vart etter kvart for kummerlege så vi flytta til Øyrane, eit industrifelt i Førde, i 1981. Der fekk vi etterkvart eit datastyrt lager og Sunnfjord Bil vaks raskt. Sommaren 1987 vart det

igjen for trongt og vi måtte flytte på ny, denne gongen til Reset, der vi endeleg fekk ei permanent tomt. Sidan den gongen har utviklinga gått raskt og vi har utvida hovudbygget to gonger og tomta ein gong. Oddvar Strømsli er gründeren. Lenge var han åleine, men i dag har han 8 tilsette under seg. Store miljøkrav har etterkvart kome til denne bransjen, og miljøbedrifta Sunnfjord Bil har heile tida følgt opp dei krav som til ein kvar tid vert sett. Vi er opptekne av at miljøet vert teken vare på. I 1980 vart vi tilslutta ein landsomfattande foreining for biloppsamlarar, Norges Biloppsamlers Forening (NBF), der vi enno er medlem. Vi har eit tett og godt samarbeid med dei andre medlemmene og hjelper gjerne kundar med å skaffe delar frå ein av våre kollegaer.

18/12/2025
18/12/2023

Desembertilbod, bestill innan 31.12.23.

Ledig stilling som kundemottakar på vår verkstad! =)
03/07/2023

Ledig stilling som kundemottakar på vår verkstad! =)

Adresse

Holtemyrane 10
Førde
6814

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4757822277

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnfjord Bil As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sunnfjord Bil As:

Del

Type